Ådne Eikeland – gitar, vokal
Otto Hustoft – trommer, vokal
Omund Norheim – bass
Ingve Lende – gitar, vokal
Ove Stokkeland Olsen – tamburin, perkusjon
Svenssen began as two small boys met outside Bryne, Norway in the early 90s – Beatles covers, cheap gear and big plans. Eventually it turned into a real group, an extra guitar or two, and a tambourine player who meant business.
Their sound sits somewhere between britpop, 60s heroes and their own Jæren-style mod rock. Melodic, energetic and thight harmonies. On stage, they’ve been at it for decades, playing everything from tiny clubs to The Cavern Club in Liverpool and various festivals across Norway.
The debut arrived in 2009, followed by eight more releases, most recently the EP The Making of Art (2025). Svenssen still do things their own way: sharp riffs, three-part harmonies, and lyrics about the classics – people, relationships, and everything that refuses to go smoothly.
Svenssen starta som eit gutteromsprosjekt utanfor Bryne på 90-talet – Beatles-coverar, kassettopptak og store draumar. Etter kvart vart det eit ekte band, fleire, ekstra gitar og ein tamburinist som meinte alvor.
Musikken landar ein plass mellom britpop, 60-talshelter og jærsk mod-rock. Melodiøst, energisk og med tette harmoniar. Live Svenssen dei halde det gåande i fleire tiår, frå små scener til The Cavern Club i Liverpool og ymse festivalar her til lands.
Debuten kom i 2009, og sidan har dei slept åtte utgjevingar til, sist EP-en The Making of Art (2025). Oppskrifta har vore den same heile tida: skarpe riff, trestemt vokal, og tekstar om dei evige greiene – folk, forhold og alt som ikkje går heilt etter planen.
Svenssen
Svenssens selvtitulerte debutalbum vart utgjeve på eigen label i 2009 og inneheld 11 eigenkomponerte låtar som går rett i foten og sender tankane hen til det gyldne 60-talet. Albumet fekk gode kritikkar og vart omtalt som eit verk som ”treffer nerven i rocken” og «er herlig befriende og uten dødpunkter”. Tekstane er enkle og upretensiøse om de evige poptema; piker, brigg og sang, pluss ei låt som prisar snusen (Dip It). Innpakkinga er eit klassisk komp med gitar, bass, trommer og noko orgelkrydder, det heile toppa med 3-stemte vokalharmoniar som trekk smilebandet heilt opp mot øyrene. Uttrykket ender opp som ein heilstøypt crossover av varm, melodiøs «British Invasion» æra pop og energisk jærsk mod rock. Bring your dancing shoes!
Svensation
I mai 2011 slapp Svenssen oppfølgeralbumet, selvsikkert titulert Svensation. Plata er ei naturlig forlenging av debuten. Soundet er fyldigare, arrangementa er meir raffinerte og instrumenteringa er ytterlegare utvida både med blåsarar og perkusjon. Mest påfallande er likevel korleis bandet denne gongen toer å visa fleire sider av seg i låtmaterialet. Det startar med eit knippe solide opningskort, den bass og blåserdrivne Betsy (kanskje ei vidareføring av førstesingelen Patsy?), den intense This Bird is Flying too High, energiske Old Fashioned og allsangvenlege Dr. M. Men i staden for fyllmateriale resten av plata, så får me høyra blues som Ingve Lende har putla saman (Addo), ein rakker av ein instrumental (Weekender) i Feeding the Ducks får sågar ein smak av reggae, før plata vert runda av med ein søt liten sak kalt My big love.
Tekstane haustar tematikk fra dei utømelege kjeldane til frustrasjon; eigen utilstrekkelegheit, forholdet mellom mann og kvinne, ansvar i kvardagen. Men her er også lyspunkt, igjen forholdet mellom mann og kvinne, glede og nyting.
